søndag 25. mars 2012

Det liknar vår

Det byrjar likne på vår. Ute nærmar gradstokken seg 19-talet. Trea står med små grøne blad, og på marka blomstrar kvitveis, krokus og påskelijer. Og endå skriv vi berre mars. Tidleg vår kan eg minnast frå andre år og, men ein så mild vinter med så lite snø, er ikkje i mitt minne. Men minnet er til tider utruleg kort, så når omkvedet "i manns minne" kjem, så er eg i utgangspunktet skeptisk til kor langt det rekk. Slik er det nok med mitt minne og. Men uansett kor langt eller kort det når. Eg gled meg storleg over at det byrjar å likne på vår ute.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar