lørdag 24. mars 2012
Teikn på vår
Etter dagar, ja veker med regn, vakna eg idag til, om ikkje klår blå himmel, så i alle fall solgløtt inn i mellom.
Ja, ikkje berre eg. Medan vi enno låg under dyna, høyrde vi vsame steg i gangen, og dører som sakte opna seg.
Ein liten kar var komen på morgonvitjing. Ute var det kvitrima, men han ville ut på plattingen for å sykle. Men han var noko lettkledd for morgonkulden, så mi kjære fekk overtalt han til å få på seg meir kle. Då greip foreldra inn. Dei meinte nok det var i tidlegaste laget til slik aktivitet. Han kom i alle fall ikkje ned igjen.
Ute har gradstokken kom over 13 grader pluss, og sola skin inn på utebenken min. På andre sida fjorden ser eg eit av dei faste årlege vårteikna. Ein kvan brenn btråte. Kanskje det er turrgras? Det er visst ikkje lovleg, men ein kan ikkje køyre alt på miljøstasjonen heller. Så det er visst fleire enn eg som syndar mot brisingsforbodet.
Og inne går vaffeljarnet varmt. Vi skal ha basar i ettermiddag. Med loddsal, matsal og åresal. Vonar det kjem nokre i det fine vårværet.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar