mandag 19. mars 2012
Våren si første?
Med dette biletet opnar eg ein blogg til. Her eg vil skrive om mine heimedagars små og store hendingar. På min andre og eldre blogg -vandrar, vegane fell så vide- vil eg heretter skrive meir om det som har ein vidare horisont. Det som høyrer vandraren til.
Og det første innlegget her vert nokre ord om denne vindfulle morgonen, kvit av tung snø. Men ikkje nok til at eg må ut med snøfresaren. Enno.
Kanskje er det den første av våren sine mange snørider?
Til plage for oss som er leie av vinteren. Den har nok framleis nokre eselspark til oss: De slepp ikkje så lett undan meg. Eg har endå nokre overraskingar på lur før eg forlet dykk for denne gongen.
Men berre vent. Om eit halvår er eg her att.
Eg skal ikkje klage. Ute er det 2-3 varmegrader, så snøen vert nok ikkje liggande lenge.
Men det vart ein noko stor overgang frå solfyllte vårdagar i Andalusia for knapt ei veke sidan.
Ute svirrar fuglefrøhuset til mi kjære i vinden. Men no er huset sine dagar talde. Eit ekorn gjekk til åtak på det i går morgon. Gnog det sundt. Kanskje i irritasjon over at der ikkje var frø att i det. Så då må ho nok finne ein ny fuglematar til neste vinter.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar