onsdag 28. mars 2012

Vått og grått

Dei gule heng med hovudet, dekte av regndråpar. Vått og grått er været denne dagen. Med nordvestleg vind i tillegg. Fjorden går til tider kvit. Ein får takke og gle seg over gårsdagen som var turr, med solglimt inn i mellom. Og så får ein berre bu seg på dagane som kjem, og leite fram regnkle, støvlar og sydvest. For slik skal det vere framover, skriv værmeldarane på Yr og Storm. Regn og vind. Kaldare skal det og verte, og då kan vi vel vente sludd og snø i tillegg. Huff og huff. Det vert vel nokre innedagar då framover?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar