lørdag 7. april 2012
Fullmåne
Klokka 21.19 igår kveld, langfredag, var det fullmåne.
Det er alltid fullmåne når det er påske. Kyrkjemøtet i Nikea i år 325 fastsette at påska alltid skulle kome første søndag etter første fullmåne etter vårjamndøger. Dette var for for å få påskedag til alltid å kome på ein søndag, som var den dagen då Jesus stod opp frå døden og grava. Før det feira kyrkja påske etter den jødiske tradisjonen. Noko som førde til at påskedag ikkje alltid fall på ein søndag. For den jødiske påska kjem slik det står i 3. Mosebok 23,5: Den fjortande dagen i den første månaden, i skumringa, er det påske for Herren. Og det jødiske døgnet byrjar om kvelden, i skyminga når ein kan sjå tre stjerner på himmelen.
Den jødiske kalenderen er ein månekalender. Det tilseier at kvar månad byrjar når det er nymåne, og då vil den 14.dagen vere rundt fullmånetider. Heilt uavhengig av kva vekedag det er. Og den første månaden som er omtala her er den månaden då Moses førde folket ut av Egypt, og med det vart den første månaden i det jødiske året. Ein kalenderrevisjon har endra det, slik at no fell det jødiske nyåret om hausten.
Og i går kveld klokka 21.12 lyste fullmåne slik over bygda. Det er påske for Herren!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar