fredag 6. april 2012
Påske
Det er vel ikkje noko symbol som er så knytt til kristentrua som korset og krusifikset. Både som trussymbol og symbol for spott. Ei teikning som vart funnen i Roma, og som er datert til det første århundret, syner det. Det viser ein krossfest person med eselhovud, og ved sida ein mann som lyfter handa mot krossen. Ved sida er det rissa inn; Alexamenos tilber sin Gud.
Frå vår tid kjenner vi saka frå England der ei kvinne miste arbeidsplassen sin fordi ho nekta å ta av seg krossen ho bar.
Sjølv har eg og bore på meg krossen sitt teikn, og går vi inn i mange heimar og kyrkjer så finn vi anten ein kross eller eit krusifiks der.
Påska og krossen er uløyseleg knytt saman gjennom Jesus sin død på langfredag
Men litt underleg kan det synest at nett ein reiskap for tortur og drap, skulle verte kristendomen sitt fremste symbol.
Og trur eg ikkje at det er sanning det som Det nye testamente sin skrifter fortel, at den Jesus som døydde på krossen, han var både Gud og menneske, og at han ved sin død fullførde den oppgåva han hadde fått av Gud. Å forsone ei fallen menneskeætt med sin skapar, Gud.
Trur eg ikkje det, så er krossen sitt symbol meiningslaus galskap.
Den trua har alltid vore, og er, ein realitet i mitt liv. Men det er ei tru som har gått sine utviklingssteg. Den er ikkje lenger så enkel som den var i min barndom og ungdom. Den har fått mange fleire fasettar i seg.
Den har vorte rikare, men samstundes meir forunderleg å skjøne for vitet. I dag har den mange fleire element av det mystiske i seg. Mykje meir av korleis og kvifor.
Eg kan samanlikne det med at rundt krossen er det bygt ei bygning med fleire vindauge, og når eg ser inn gjennom vindauga, så ser eg krosshendinga skildra ulikt etter kva vindauga eg ser gjennom.
Men er det eit tap. Eg tykkjer det har gjort trua mi rikare og djupare at ikkje alt har same farge, at eg ikkje treng å skjøne alt med vitet mitt, men at eg kan få senke livet og tanken min ned i ei kjelde der eg ikkje ser botnen. Ei kjelde som er Gud og hans visdom.
Krusifikset over heng i katedralen som er inne i den gamle moskeen i Cordoba i Spania. Og dette vakre krusifikset er laga av tre stykke elfenbein.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar