søndag 15. april 2012

Søndagsmorgon

"Å nei for dag Vårherre gav! Så skirt om fjell, så svalt i hav! Så linn ei luft, så høgt om haug! Og dette sæle solskinnslaug!" Dei kom for meg desse strofene frå Garborg sitt vårdikt då eg forlet sengevarmen og såg sollyset fløyme over fjell og fjord. Sjølv om markene er kvite etter gårsdagen si nedbør, så er det vår i lufta. Og no melder YR at vi får sjå sola i dagane som kjem. Så kvifor ikkje synge med Garborg denne søndagsmorgonen: "Å nei, for himmel rein og klår! Å sæle meg, no er det vår! No spelar liv om land og strand; Å sæle meg at opp eg vann!"

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar