mandag 23. april 2012

Tidleg morgon

I dag vakna eg tidleg, og så enda det med at eg forlet sengevarmen lenge før normalen. Sat ved verandadøra og såg lyset frå den stigande sola byrje farge snøen på dei øvste toppane gulraude, og korleis sollyset vann seg stendig meir rom. Heilt til det nådde husa nede ved husa på andre sida av fjorden. Og eg såg første flyet til Oslo, stige over åsen, gjere ein sving og verte borte bak fjella i sør. No har også trea utanfor her fått farge av sollyset.
Det er stilt i huset. Mi kjære søv. Får ha senga åleine denne morgonen. Ovanfrå høyrer eg lyden av springande barneføter. I tre dagar hadde vi dei to gutane på besøk, medan foreldra og veslesytra var ute på tur. Tre trivelege dagar med full aktivitet frå morgon til kveld. Og for mi kjære som i tillegg hadde også natta med. Rart med desse kvinnene som er mødre. Dei sluttar liksom aldri med det, sjølv om borna er vaksne og ute av reiret. Eg trur dei for alltid søv med ei lyttande øyre. Ved den minste uvante lyd, er dei vakne og klar for å sjå kva det var. Men igår kveld kom foreldra heim, så i natt har ho fått sove utan aktivsisert ansvarsknapp.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar