onsdag 9. mai 2012

Det blømer

Det blømer ute, men det er framleis litt i kjølegaste laget for meg. Om då ikkje sola finn seg ei opning i det grå der oppe. Men om ikkje varmen er her enno, så er det råd å drøyme seg avgarde til varmare himmelstrok. For, det strøymer på med tilbod om reiser dit. Og lysta til å fare avgarde vert lokka fram, både hjå mi kjære og meg. Men eg trur det får vente til september er der. Men då er flybillettane tinga nedover til Spania att, og siste vandringsdagane på pilegrimsvegen fram til Santiago de Compostela. Fram til då får vi nok halde oss heime i gamlelandet. I mellomtida får vi prøve å halde oss i nokonlunde god vandringsform. Eg hadde meg ein tur innom sjukehuset til kontroll for lungene mine. Det var stabilt, sa han doktoren. Og det får eg sjå på som positivt. Då har det i allefall ikkje gått den galne vegen. Og denne gongen fekk eg stadfesta det eg har rekna med. At den nedsette lungekapasiteten og smerten i sida skriv seg attende til hjarteoperasjonen. Og det er det ingenting å gjer noko med. Men eg kan gjer noko for å betre kroppen si evne til å ta opp oksygen i blodet, sa han, og det ved å utvide grensa for mi yteevne når det krevst litt meir enn det normale. Og det kan trengast, særleg i eit kjøleg og fuktigt klima som vårt, men det ansvaret må eg ta sjølv. Og resepten er enkel. Det er å gå, og då litt meir enn berre spasering, eg må helst presse kroppen si yteevne. Så enkelt er det.
Men eg skulle ynskt litt varmare vær å gå i, for eg tykkjer det ser litt dumt ut å gå med hanskar på hendene når temperaturen nærmar seg dei tosifra plussgradene.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar