Eg tykkjer eg har vore flink idag. Mi kjære skal ha NMS-foreining i kveld, og då må det litt oppskjeining til, både ute og inne. Og det har eg då stelt med, både golvvask, støvsuging og litt rydding.
Men ein treng ein liten pause inn i mellom. Til ein kaffikopp og litt meir. I solveggen.
Og då dukka dette opp. Eit spegelbilete av noko som dagleg er for augo. Her er det nok lett å sjå at dette er ikkje sanninga, men eit forvrengt bilete av den.
Men kva er sanning, spurde Pontius Pilatus ein forslegen og blodig fange ein gong. Ein fange som snart skulle døy for det han sa var sanninga.
Eg opplever at det spørsmålet er svært aktuelt nettopp i desse dagar. Det går føre seg ei stor rettsak i Oslo. Og vi får dagleg servert spalte opp og spalte ned om den, i tillegg til mykje komentarstoff gjennom fjersynet.
Uten å ta stilling til det som går føre seg i rettssalen, opplever eg at her er det to ulike syn tilstades når det gjeld kva sanninga er. Drapsmannen mot offera og media. Og eg merkar meg av debatten på nettet at drapsmannen er ikkje åleine om sitt syn på kva sanninga er, om dei som er samde med han, ikkje dreg konsekvensane av sitt syn like langt som han. Og då tenkjer eg ikkje på sjølve drapa, men på tankane som låg bak handlinga. Eg klarer ikkje å vere samd med drapsmannen i hans syn på kva som er sanninga, men det eg ser er at begge partar meiner dei representerar den.
Så; kva er sanninga, spurde Pilatus. Det spørsmålet gjeld ikkje berre denne forferdelege saka, men det gjeld i svært mange aktuelle saker i dagen sin samfunnsdebatt. Saker der begge partar meiner den andre representerar spelbiletet av sanninga, og ikkje sjølve sanninga.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar