torsdag 21. juni 2012

Midtsommar

I natt hadde vi året si kortaste natt. Kl. 01.09 vende sola, og det byrjar å gå mot vintersolverv att. Men heldigvis. Først skal vi ha nokre gode sommar og haustmånader, men sakte men sikkert vil dei lyse nettene verte nokre minutt kortare for kvar veke som går.
Difor gjeld det å nyte den midtsommartida vi er inne i, med blømande blomar alle vegne. Og no lovar værmeldarane oss nokre dagar med sol og varme. Det kan verte ein fin jonsokkveld til helga.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar