Etter ein solblank kveld i går, gråna det til denne morgonen.
På radioen høyrer eg om mykje regn aust om fjella, men med austanvind treng vi ikkje vente noko særleg med nedbør her hos oss. Men skyene tyder på ei litt skiftande lyssetting utover dagen. Frå heilgrått til gjennombrot av sol.
Då er eg litt meir usikker på morgondagen, men eg vonar at himmelen held seg tett.
Grunnen til det er at eg har tenkt meg ut på vandring i Norfjord. Det er ei delvandring av pilegrimsvegen vestover mot Selja. Det er kvinnegruppa Embla som skipar til, og meininga er å kome fram til Selja om eit par år. I fjor gjekk vi frå Bjørkedalen i Volda til Harpefoss i Eid. I morgon går turen frå Espe i Hjelmelandsdal og vestover til Stårheim og Orheimtunet.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar