Så forsvann mai månad bak oss, og vi gjekk inn i juni, den første sommarmånaden.
Ei byge med nedbør for forbi no på formiddagen. Då den var over, braut sola fram gjennom skyene.
Og kva ser eg? Nysnø langt ned i liene.
Ute er det ingen sommartemperatur. Berre fem grader pluss. Ikkje noko sjøbad i dag, nei.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar