fredag 24. august 2012

Fargar i kveldssol

Etter ein dag utan vått frå skyene, kom det med lett nedbør mot kvelden, Men ikkje meir enn at sola og fekk høve til å sende nokre strålar inn mellom fjella. Og opp av skogen som omgir oss to her nede på grunnplanet, teikna det seg eit fagert fargeband opp mot himmelen. Medan Melshornet sin avrunda profil teikna ein litt mørkare grå farge mot skyene bak.


Etter storflaumen sette Gud regnbogen på himmelen, som eit teikn for Noa på at aldri meir skulle jorda verte råka av ein slik flaum.
Kva teikn er den for meg, tru?
At også den føreståande vandringa vår vil verte like turr og fin som dei fem vandringane vi er ferdige med?



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar