tirsdag 14. august 2012

Dagar i august

Så han han lange og skrinne, hårlause og rynkete, runda sine første sju tiår i alder. Vonleg har han og gått fram, ikkje berre i alder, men og i visdom.  Sjølv om han til tider kan undrast på om det er tilfelle.
Den store dagen vart feira i familien sin famn i Romsdalen skjønne egne. Diverre var fire av dei ute på ferd til varmare kystar lenger sør. Og ein hadde av andre grunnar ikkje høve til å kome. Men resten hadde det rett triveleg med god mat og godt fellesskap. Både store og små.
Og han på bilete sette stor pris på å feire dagen slik.

Men ikkje før var dagen over, så sette hans kjære, og han, kursen mot fjellstrøk i det indre av landet. Til øvre Hallingdal på seinsommarferie for slike som han. Godt vaksne.
Ei veke på høgfjellshotell midt i fjellheimen. Til god mat og godt fellesskap ved matbord, bibeltimar, gudstenester, hyggesamvær og ved turar til fots ute i den vakre naturen.

Men ei veke går fort. No er han attende i kvardagen att. Til enklare kost, og arbeid som ventar på si fullføring.
Og så. Om knapt ein månad set dei to kursen mot Spania og fullendinga av vandringa mot Santiago de Compostela,.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar