torsdag 27. september 2012

Heime att

Så er vi heime att, mi kjære og eg. Heime til regn og skodde og haustfarga lier.
Heime etter fjorten dagar på vandring nordvest i Spania. Og eg må tilstå det. Det er kjekt å vitje andre og varmare strøk enn kysten her i nordvest, men jammen var det godt å kome heim til eiga seng og kjende rom att. Godt å få vakne og sleppe å undrast på kva ukjent rom ein no var i.
Vi hadde fine dagar under vandringa med godt vær. Regnet kom ikkje før vi var i mål, men då fekk vi både regn og blest så det mona.
Tidleg tysdag morgon byrja vi på heimreisa om Madrid, Barcelon og til Gardemoen. Og så heim,  trudde vi. Men slik vart det ikkje. Til Gardemoen kom vi ikkje. Der var det for lite drivstoff på tankane, og flyet fekk ikkje lande der. I staden gjekk flyet ned på Torp ved Sandefjord. Så vart det to timar venting på kva som no ville hende. Så kom det melding frå flykapteinen att vi snart skulle lette for Gardemoen. Men det varde ikkje lenge så kom ny melding. Flymannskapet hadde vore for lenge i lufta, og hadde ikkje lov til å fly lenger, og då vart det buss vidare til Gardemoen. Og dit kom vi 5 minutt etter at flyet vårt heim hadde letta. Så då var det ikkje med fly vi kom heim, men nattbussen over fjellet mot nordvest.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar