Så fekk vi ein forsmak av vinteren, med rennefok utandørs. Eg kan ikkje sei eg ynskjer han velkomen. Men vonleg er det berre ei første prøve, for eg har mykje arbeid som skulle vore gjort før den kjem for godt.. Men diverre, hjå meg er det den store tiltaksløysa som råder grunnen. Og i kveld skal mi kjære køyre Hjartåberga. Heldigvis har eg i år sørga for å få piggdekka på bilen før snøen og kuldegradene kom, så det går nok bra. Får eg tru.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar