Når gamle tuntre vert felte, vert det eit tomrom i tunet etterpå. Noko ein er vand med er der, er borte.
I går hende det her. Brått og uventa.
Med eit hekk der eit stort helikopter over huset. Mi kjære fann snøgt ut at det var ved eit nabohus noko hadde hendt. Ein nær granne var funnen medvetslaus ved traktoren. Ambulansepersonale og doktor var alt der. Men diverre, dei lukkast ikkje med si naudhjelp. Sindre hadde forlete familie, nabolag og vener så alt for, alt for, tidleg. Berre 61 år gamal.
Og det kjennest underleg tomt ut. Han vi har vore van med å sjå i tunet, eller i bilen, og som vi kunne slå av ein triveleg prat med, er ikkje lenger mellom oss. Tuntreet er borte.
Mine tankar går til Åshild som har misst mannen sin og til borna, svigerborna og borneborna som har mist ein god og nær far og bestefar.
Sist eg prata med han, fortalde han om at han gledde seg til å verte oldefar om eit par månader. Den gleda fekk han ikkje oppleve.
Fred over minnet om deg, Sindre.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar