lørdag 27. oktober 2012

Vinterstemning

Så måtte eg til pers. Snøfresen måtte fram. Ville han starte tru? Jau, sannleg starta han . Spydde svart røyk etter sommardvalen, men så var han igang. Vegen opp frå huset, og framfor garasjen var full av våt, tung, snø, og det var meldt kaldare vær til søndagen. Så skulle ikkje det verte uframkomeleg både for dei på to føter, og dei på fire hjul, så var eg nøydd å få den bort alt denne morgonen.
Og det gjekk. Litt protestar var det der vegplogen hadde sendt tunge snøklumpar ned framfor garasjen. Men med litt strev fekk fresen og eg i fellesskap rydda det vekk. Det vart regn i håret og iskalde fingrar etter kvart, men vel ferdig kunne eg sukke letta for arbeidet som var gjort. No kunne det berre klårne opp og verte kuldegrader. Vegen var open til å ta imot.Vel inne i stova att, med naglebit i fingrane, klårna han av. Og eg må tilstå, eg ser det kan vere vakkert i bygda sjølv ein sur vinterdag. Og i kveld hekk månen stor og blank over fjella i aust.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar