lørdag 24. november 2012

Å kvie seg

Så har det hendt igjen. Eg har lova å ta ei gudsteneste.  Det er siste søndagen i kyrkjeåret. Den som tidlegare heitte Domssøndagen, men no har fått eit noko lettare namn; Kristi Kongedag.   Det er så lenge sidan sist. Og i tillegg er det med ein for meg ny liturgi eg ikkje har brukt før.  I tillegg er teksta om dei 5 gode og dei 5 dårleg jomfruene. Kva skal eg sei? Har eg i det heile noko å gi vidare, eller vert det berre ord? Vonar det ikkje vert berre dom.
Når skal eg lære.
Det går nok bra, trøystar mi kjære. Men eg kvier meg.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar