søndag 30. desember 2012

Mot nyårshelg

 
 Eg bladde litt i gamle bilete frå tidlegare romjulsdagar. Då kom eg fram på dette frå den nest siste dagen  i året 2009. Ein vakker kveld med måneskin over snøkvite fjell, og med laveskog langs vegane.
Slik vert det ikkje i år. Romjula kom med mildvær og regn, og dei få centimeterane med snø vi hadde julaftan og juledagane forsvann på ei natt. Og no teiknar det til å verte ei våt og mild nyårshelg med grøne marker langt opp i liene.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar