tirsdag 5. oktober 2021
Eg ser
Eg har ein sitjeplass ute når sola varmar. Ein stol i solveggen. Der sit eg ofte med varm kaffi koppen og nyt varmen, utsynet og livet rundt meg. Denne somaren har det vore småfuglar, helst gråsporv som er innom for brødsmular som mi kjære legg ut til dei. Det kan vere ein heil flokk som brått flyg inn for landing. Men mi kjære har og sytt for andre gleder for meg i form av fargerike blomar der insekt av mange slag er innom for å finne seg litt næring. No seinhaustes har dei mange tårene, eller fuksia som dei og heiter, som er flittig vitja av ulike slags insekt. Somme kryp inn i blomen, andre hengjer seg fast som denne og syg seg næring.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar