onsdag 11. juli 2012

Dagane går




Det er ei tid sidan eg skreiv noko her. Dagane går fort når både tankar og kropp er opptekne med anna enn å blogge.
Eg lova sonen å reise ein mur mellom garasjen og vegen ned til bustaden. Steinmengda vart rekna ut og tinga. Sand og pukk i tillegg. Og så var det berre å gå igang med hakke og spade for å flytte jord. Blande betong og å lempe tung stein.
No, fleire veker seinare er den tinga steinen brukt opp. Meir stein må nok til, for endå manglar det ein heil del på fullføringa.  Så den første utrekninga mi på kva som måtte til var nok grundig feil. Men trass i både sveitte og såre musklar, og mange pausar med kaffi, så har eg hatt godt av arbeidet. Musklane veks både her og der så skjorta er snart for trong.  Vel, det er nok heller ei kraftig overdriving det, seier mi kjære. Så då får eg vel trekkje den utsegna attende med ein gong. Men framleis har eg mykje godt arbeid i vente, så til septembervandringa i Galicia bør kroppen min ha fått rimeleg godt med førehandstrening. Om eg då held gåtrening utanfor. Den har det heller vore dårlegare med.