torsdag 30. september 2021

Haust

Siste dag i september månad 2021, og i morgon  skriv vi oktober. Den niande og tiande av året sine månader. Men månadsnamna tyder noko anna. September tyder den sjuande og oktober den tiande. Kva tid kom denne forskyvinga til? Er det ein arv frå då tidsrekninga gjekk over frå juliansk til gregoriansk tidsrekning? Ikkje veit eg, og det betyr vel ikkje så mykje heller, men undrast det gjer eg. Noko skal ein vel ha å undrast på i gjerandslause dagar no i livskvelden.
Ute skein sola så varmt på morgonen så eg tok meg ein kopp kaffi og sette meg ut. Men gleda vart ikkje så lang den siste septemberdagen. Ei stor sky kom og la seg der sola var og då fekk eg røyna at utan sola sine strålar vart det heller kjøleg, sjølv utan varm kaffi i koppen.

søndag 26. september 2021

Hausthimmel

Vakna i dag til sol mellom skyene og vel 16 grader C og vind frå aust. I vest var der blå himmel bak fjella, men det var ikkje det blå som sigra, det var skyene. Men jammen kan ein skya himmel og vere flott med brytningane mellom det lyse og det mørke.


torsdag 23. september 2021

Raude bær

Raude bær kan vere så mangt. Det er ikkje berre ripsbær, tyttebær eller rognebær. For fleire år sidan tok eg med meg eit rotskot av kristtorn frå Raudøya, og det har etter kvart vorte eit høgt tre. Og, kvart år blømer det nokre små blomar, og no mot hausten har blomane vorte til små raude bær.

søndag 19. september 2021

Lite snø

Eg trur ikkje eg har sett så lite snø att i fjella før som no denne hausten. Berre nokre små flekkar att i Verhaldet og så desse i fjellet bak Kvandalen. Det fortel vel om lite snø sist vinter og at denne sommaren var varm.

lørdag 18. september 2021

Ein fargerik gjest

Midt i september fekk vi ein varm soldag, kanskje ein av dei siste dette året. Blomane til mi kjære er i ferd med å avslutte sommarens blømingstid, men enno er der dei som gleder med si fargeprakt. 
Då er det ein som tek ein pause i sitt flog i sitt korte liv. Kanskje for å suge litt næring til si vidare flukt. Han var der ei lita stund og gledde meg med sine fargar, så lyfte han vengene og borte var han.

lørdag 11. september 2021

Gul rose

September, framleis blømer rosene men dagene går fort no mot haust og kaldere dagar og netter. Nokre av mi kjære sine blomar som ho har stelt så vel denne sommeren er alt avblomstra, andre fekk seg ein trykk desse siste regndagane, men enno kan vi gle oss over fagre blomar ut for stova.