lørdag 26. mai 2012

Pinsetid

Endå ein varm og solrik dag går mot sin ende. Det er pinseaftan. Pinseliljene og heggen står med kvite blomar. Året sitt første sjøbad er utført. Noko seinare enn i fjor. Då hende det 2.påskedag. Men det var nok litt varmare i år enn då. 13-14 grader tippa eg i dag, så det vart ikkje noko langvarig bad. Og sidan det er pinseaftan, så har eg helde oppe barndommen sin tradisjon og tent pinsebrisingen. Eg ynskjer dykk som les desse orda ei god pinsehelg.

onsdag 23. mai 2012

Herleg!

Endeleg. Blå himmel med sol frå morgon til kveld. Og varme. Godt over 20 grader pluss.
Og i tilleg ha lov til å nyte det uten å reddast for lavare innkome, for den kjem inn kvar månad utan at ein treng å gjere noko for det.
Det er ikkje verst å vere pensjonist i gamle Noreg, nørst i grendom i slike dagar.

fredag 18. mai 2012

17.mai

Så ligg også grunnlovsdagen bak oss. Den feira vi på tradisjonelt vis med å bivåne barnetog og folketog frå fortauskanten, delta i gudstenesta, og feire sonen som etter kvart har vorte 34 år og fått seg si eiga familie.r.Den 17.mai dagen då han kom til verda, var det ein varm førsommardag. I år var det ein heller kjøleg og grå dag, men nedbøra kom ikkje før ut på kveld. Sjølv om vi såg den var der både vestanfor og austanfor bygda.

torsdag 10. mai 2012

Spegelbilete

Eg tykkjer eg har vore flink idag.  Mi kjære skal ha NMS-foreining i kveld, og då må det litt oppskjeining til, både ute og inne. Og det har eg då stelt med, både golvvask, støvsuging og litt rydding.
Men ein treng ein liten pause inn i mellom. Til ein kaffikopp og litt meir. I solveggen.
Og då dukka dette opp. Eit spegelbilete av noko som dagleg er for augo. Her er det nok lett å sjå at dette er ikkje sanninga, men eit forvrengt bilete av den.
Men kva er sanning, spurde Pontius Pilatus ein forslegen og blodig fange ein gong. Ein fange som snart skulle døy for det han sa var sanninga.
Eg opplever at det spørsmålet er svært aktuelt nettopp i desse dagar. Det går føre seg ei stor rettsak i Oslo. Og vi får dagleg servert spalte opp og spalte ned om den, i tillegg til mykje komentarstoff gjennom fjersynet.
Uten å ta stilling til det som går føre seg i rettssalen, opplever eg at her er det to ulike syn tilstades når det gjeld kva sanninga er. Drapsmannen mot offera og media. Og eg merkar meg av debatten på nettet at drapsmannen er ikkje åleine om sitt syn på kva sanninga er, om dei som er samde med han, ikkje dreg konsekvensane av sitt syn like langt som han. Og då tenkjer eg ikkje på sjølve drapa, men på tankane som låg bak handlinga. Eg klarer ikkje å vere samd med drapsmannen i hans syn på kva som er sanninga, men det eg ser er at begge partar meiner dei representerar den.
Så; kva er sanninga, spurde Pilatus.  Det spørsmålet gjeld ikkje berre denne forferdelege saka, men det gjeld i svært mange aktuelle saker i dagen sin samfunnsdebatt. Saker der begge partar meiner den andre representerar spelbiletet av sanninga, og ikkje sjølve sanninga.


onsdag 9. mai 2012

Det blømer

Det blømer ute, men det er framleis litt i kjølegaste laget for meg. Om då ikkje sola finn seg ei opning i det grå der oppe. Men om ikkje varmen er her enno, så er det råd å drøyme seg avgarde til varmare himmelstrok. For, det strøymer på med tilbod om reiser dit. Og lysta til å fare avgarde vert lokka fram, både hjå mi kjære og meg. Men eg trur det får vente til september er der. Men då er flybillettane tinga nedover til Spania att, og siste vandringsdagane på pilegrimsvegen fram til Santiago de Compostela. Fram til då får vi nok halde oss heime i gamlelandet. I mellomtida får vi prøve å halde oss i nokonlunde god vandringsform. Eg hadde meg ein tur innom sjukehuset til kontroll for lungene mine. Det var stabilt, sa han doktoren. Og det får eg sjå på som positivt. Då har det i allefall ikkje gått den galne vegen. Og denne gongen fekk eg stadfesta det eg har rekna med. At den nedsette lungekapasiteten og smerten i sida skriv seg attende til hjarteoperasjonen. Og det er det ingenting å gjer noko med. Men eg kan gjer noko for å betre kroppen si evne til å ta opp oksygen i blodet, sa han, og det ved å utvide grensa for mi yteevne når det krevst litt meir enn det normale. Og det kan trengast, særleg i eit kjøleg og fuktigt klima som vårt, men det ansvaret må eg ta sjølv. Og resepten er enkel. Det er å gå, og då litt meir enn berre spasering, eg må helst presse kroppen si yteevne. Så enkelt er det.
Men eg skulle ynskt litt varmare vær å gå i, for eg tykkjer det ser litt dumt ut å gå med hanskar på hendene når temperaturen nærmar seg dei tosifra plussgradene.

tirsdag 8. mai 2012

Solblome

Dei står i det veksande graset og lyser som ei sol i alt det grøne. Eg tykkjer dei er fagre, om dei vert rekna som ei pest og ei plage i hagen. Solblomane. Jaudå, eg veit dei ikkje ber det namnet. Kappilaup vart dei kalla då eg vaks opp. Kappekille sa mi kjære nord på Nesje. No er det Løvetann over alt. Kjært barn har mange namn. Også denne som ikkje er så kjær, anna for born som likar å lage seg pynteting av den. Til mødrene si store fortviling fordi safta i stengelen set svarte merke på kle. Den lever farleg solblomen, Graset skal slåast, og då fell den og. Men enn så lenge får den stå der og lyse.

lørdag 5. mai 2012

Kveldssol

Etter dagar med greit vårvær. Både sol og regn og ein temperatur som har vore høveleg for veksande gras. Ein av dagane måtte eg sjå om den motoriserte grasklipparen ville starte så eg fekk fare over moseplenen før den vart farga fiolett av blømande engkarse. Så vakna vi idag til drivande snøbyger. Men her nede ved fjorden smelta det kvite fort bort når bygene vel var over. Lenger oppe i lia har trea stått med kvitt slør på heile dagen. No mot kvelden dukka sola fram ei lita stund og farga landskapet med sitt varme lys. Så tjukna det igjen til for ei ny snøbyge. Det kan verte ein kjøleg og kvit konfirmasjonsdag i morgon.