torsdag 7. februar 2013
Mot kveld
Det går mot kveld. Ein vakker vinterdag er over. Sola har blitt borte under åskanten i sørvest, men i aust lyser enno ein rest av solefallselden opp Kvandalsfjella.
tirsdag 22. januar 2013
Og så, plutseleg
Det undrar meg kor lite vi veit om dagen vi er inne i.
I grunnen ingen ting, for brått kan alt ha endra seg.
Eg las på nettavisene i går kveld om ein dumper som hadde gått i fjorden nede i Sunnfjord, og at føraren var sakna.
Og då eg vakna i dag tidleg, fekk eg meldinga om at det var ein ungdom som hadde sine barneår i nabolaget, eit barnebarn av grannar, som var sakna.
I desse timane medan dei søkjer i djup fjord etter han, går går tankane mine til dei som stod han nær, syskjen, foreldre og besteforeldre - og vener - dei som så plutseleg opplevde å misse ein nær og kjær ungdom. Ein som skulle ha eit langt liv framfor seg, men som ikkje fekk det.
Mine tankar går til dei i desse tunge timane og dagane som dei plutseleg og uventa fekk.

Abonner på:
Innlegg (Atom)