Eg bladde litt i gamle bilete frå tidlegare romjulsdagar. Då kom eg fram på dette frå den nest siste dagen i året 2009. Ein vakker kveld med måneskin over snøkvite fjell, og med laveskog langs vegane.
Slik vert det ikkje i år. Romjula kom med mildvær og regn, og dei få centimeterane med snø vi hadde julaftan og juledagane forsvann på ei natt. Og no teiknar det til å verte ei våt og mild nyårshelg med grøne marker langt opp i liene.
søndag 30. desember 2012
fredag 21. desember 2012
Vintersolverv
Så vende sola i dag klokka 12.12. No går det atter mot lysare og lengre dagar. Men eg må nok vente til det nye året er der før eg har sjangse på å sjå at ho glyttar inn i stova. Om det då er klårt i sør klokka 14.00 den 1.januar.
Abonner på:
Innlegg (Atom)