lørdag 28. april 2012
mandag 23. april 2012
Tidleg morgon
I dag vakna eg tidleg, og så enda det med at eg forlet sengevarmen lenge før normalen.
Sat ved verandadøra og såg lyset frå den stigande sola byrje farge snøen på dei øvste toppane gulraude, og korleis sollyset vann seg stendig meir rom. Heilt til det nådde husa nede ved husa på andre sida av fjorden. Og eg såg første flyet til Oslo, stige over åsen, gjere ein sving og verte borte bak fjella i sør.
No har også trea utanfor her fått farge av sollyset.
Det er stilt i huset. Mi kjære søv. Får ha senga åleine denne morgonen. Ovanfrå høyrer eg lyden av springande barneføter.
I tre dagar hadde vi dei to gutane på besøk, medan foreldra og veslesytra var ute på tur. Tre trivelege dagar med full aktivitet frå morgon til kveld. Og for mi kjære som i tillegg hadde også natta med. Rart med desse kvinnene som er mødre. Dei sluttar liksom aldri med det, sjølv om borna er vaksne og ute av reiret. Eg trur dei for alltid søv med ei lyttande øyre. Ved den minste uvante lyd, er dei vakne og klar for å sjå kva det var.
Men igår kveld kom foreldra heim, så i natt har ho fått sove utan aktivsisert ansvarsknapp.
onsdag 18. april 2012
Kvite fjell
Undrer meg på hva jeg får å se
over de høye fjelle?
Øyet møter nok bare sne.
Rundt omkring står det grønne tre,
ville så gjerne over;-
tro, når det reiser vover?
Skreiv Bjørnestjerne Bjørnson i boka Arne, som han skreiv i Eikesdal i Romsdal. Arne bar draumen om å kome over fjella, ut frå den djupe dalen. Den draumen er ikkje Arne åleine om. I dag har dei fleste høve til å gjere draumen til noko meir enn berre ein draum. Og eg trur det er godt for dei fleste å kome ut av sin vante kvardagsdont, å sjå, og oppleve kva som er bak de høye fjelle.
tirsdag 17. april 2012
Kald morgon
Himmelen er høg og blå denne morgonen, men sola har ikkje nådd fram hit då dette vert skrive.
Ute er det derfor enno eit tynt dekke av kvitt på marka. Men når sola om litt er komen langt nok opp på austhimmelen, varer det ikkje lenge før det kvite dampar vekk. Våren får sine tilbakeslag desse aprildagane når nordausten pustar om novene, men det går mot vår. Teikna er der. Kvitveis, hestehov og løvetann har byrja farge skråningane. Nokre dagar med varme så er skog og mark grøn, og eg må finne ut om grasklipparen vil vakne til liv etter vinterdvalen.
søndag 15. april 2012
Søndagsmorgon
"Å nei for dag Vårherre gav! Så skirt om fjell, så svalt i hav! Så linn ei luft, så høgt om haug!
Og dette sæle solskinnslaug!"
Dei kom for meg desse strofene frå Garborg sitt vårdikt då eg forlet sengevarmen og såg sollyset fløyme over fjell og fjord. Sjølv om markene er kvite etter gårsdagen si nedbør, så er det vår i lufta. Og no melder YR at vi får sjå sola i dagane som kjem.
Så kvifor ikkje synge med Garborg denne søndagsmorgonen: "Å nei, for himmel rein og klår! Å sæle meg, no er det vår! No spelar liv om land og strand; Å sæle meg at opp eg vann!"
fredag 13. april 2012
Erlerid?
Det kom vinter til påske. Så mykje at snøfresaren måtte startast opp att.
Det var starerida vart det sagt, for staren var komen attende. Og på fuglebrettet var bokfinken flittig frampå.
Men i påskeveka kom det med mildare vær og snøen minka for kvar dag. Og godt var det når ein skulle ut på vegane til gudstenester fleire gonger gjennom påska sine dagar.
I tillegg kom det vitjingar både frå Romsdal og Sogn for å feire barnedåp 1. påskedag, og då var det greit å ha bere vegar over fjella. Det var vesle Ramona Mariell som vart døypt i Ørsta kyrkje, med familiefest etterpå. Triveleg var det.
Så var påska over og det kom varmare vær. Snøen som enno låg att, rann vekk for augo våre.
Mi kjære og eg fekk høve til å ta litt vedarbeid, saging og kløyving, utan att mine fingrar måtte tinast opp at i varme vassbad.
Men det var i går. I dag var det for kaldt for dei. Ikkje meir enn 2-3 grader pluss.
Eg har sett nedbøra gå på sydsida av fjorden. Og no, ut på ettermiddagen, er det kvite snøflukser i lufta.
Er det erlerida som kjem?
lørdag 7. april 2012
Fullmåne
Klokka 21.19 igår kveld, langfredag, var det fullmåne.
Det er alltid fullmåne når det er påske. Kyrkjemøtet i Nikea i år 325 fastsette at påska alltid skulle kome første søndag etter første fullmåne etter vårjamndøger. Dette var for for å få påskedag til alltid å kome på ein søndag, som var den dagen då Jesus stod opp frå døden og grava. Før det feira kyrkja påske etter den jødiske tradisjonen. Noko som førde til at påskedag ikkje alltid fall på ein søndag. For den jødiske påska kjem slik det står i 3. Mosebok 23,5: Den fjortande dagen i den første månaden, i skumringa, er det påske for Herren. Og det jødiske døgnet byrjar om kvelden, i skyminga når ein kan sjå tre stjerner på himmelen.
Den jødiske kalenderen er ein månekalender. Det tilseier at kvar månad byrjar når det er nymåne, og då vil den 14.dagen vere rundt fullmånetider. Heilt uavhengig av kva vekedag det er. Og den første månaden som er omtala her er den månaden då Moses førde folket ut av Egypt, og med det vart den første månaden i det jødiske året. Ein kalenderrevisjon har endra det, slik at no fell det jødiske nyåret om hausten.
Og i går kveld klokka 21.12 lyste fullmåne slik over bygda. Det er påske for Herren!
fredag 6. april 2012
Påske
Det er vel ikkje noko symbol som er så knytt til kristentrua som korset og krusifikset. Både som trussymbol og symbol for spott. Ei teikning som vart funnen i Roma, og som er datert til det første århundret, syner det. Det viser ein krossfest person med eselhovud, og ved sida ein mann som lyfter handa mot krossen. Ved sida er det rissa inn; Alexamenos tilber sin Gud.
Frå vår tid kjenner vi saka frå England der ei kvinne miste arbeidsplassen sin fordi ho nekta å ta av seg krossen ho bar.
Sjølv har eg og bore på meg krossen sitt teikn, og går vi inn i mange heimar og kyrkjer så finn vi anten ein kross eller eit krusifiks der.
Påska og krossen er uløyseleg knytt saman gjennom Jesus sin død på langfredag
Men litt underleg kan det synest at nett ein reiskap for tortur og drap, skulle verte kristendomen sitt fremste symbol.
Og trur eg ikkje at det er sanning det som Det nye testamente sin skrifter fortel, at den Jesus som døydde på krossen, han var både Gud og menneske, og at han ved sin død fullførde den oppgåva han hadde fått av Gud. Å forsone ei fallen menneskeætt med sin skapar, Gud.
Trur eg ikkje det, så er krossen sitt symbol meiningslaus galskap.
Den trua har alltid vore, og er, ein realitet i mitt liv. Men det er ei tru som har gått sine utviklingssteg. Den er ikkje lenger så enkel som den var i min barndom og ungdom. Den har fått mange fleire fasettar i seg.
Den har vorte rikare, men samstundes meir forunderleg å skjøne for vitet. I dag har den mange fleire element av det mystiske i seg. Mykje meir av korleis og kvifor.
Eg kan samanlikne det med at rundt krossen er det bygt ei bygning med fleire vindauge, og når eg ser inn gjennom vindauga, så ser eg krosshendinga skildra ulikt etter kva vindauga eg ser gjennom.
Men er det eit tap. Eg tykkjer det har gjort trua mi rikare og djupare at ikkje alt har same farge, at eg ikkje treng å skjøne alt med vitet mitt, men at eg kan få senke livet og tanken min ned i ei kjelde der eg ikkje ser botnen. Ei kjelde som er Gud og hans visdom.
Krusifikset over heng i katedralen som er inne i den gamle moskeen i Cordoba i Spania. Og dette vakre krusifikset er laga av tre stykke elfenbein.
tirsdag 3. april 2012
Men litt sol, så..
Eg vert ofte både motlaus og lei når eg ser ut på snøen som driv om novene og lavar ned. Utan ende kan det synest. Og eg veit at snart må eg starte snøfresen (og takk for den, snøskuffe har eg streva nok med) og veit kva som fylgjer med det, blåkvite fingrar og tær, og trøytte lunger.
Men så opnar det kvitgrå seg og sola kikar fram, og då er alt strevet gløymt. Då må eg berre gle meg over kor fagert det er når nysnøen dekkjer alt, og sola sine strålar legg seg over fjell og fjord.
mandag 2. april 2012
Kvar vart det av våren?
Kva er det for vær vi har fått? Det er både kuling og grått!
Vel, ikkje heilt sant det då. Med kuling og grått, meinar eg.
Men om det ikkje kuling, så driv det om alle nover og inn der det ikkje skulle drive. Dette kvite som dekkjer alt no om dagen. Sjølv dei små gule, som mi kjære meinte skulle stå i ly, har fått sin del.
Så idag måtte han til att snøfresen. Den eg trudde var parkert for godt på denne sida av somaren. Faren er der for at han må til att fleire gonger i dagane som kjem.
Mandag og kafedag. Vi skulle vore på vår faste kafevitjing i dag, mi kjære og eg. Treft vener på Fru Svendsen. Men eg trur det får vere denne gongen. Trur ikkje eg orkar meg ut i snøkava.
I staden sit eg heime i stova. Drikk kaffe, spelar musikk og les. Når eg ikkje prikkar på dataen då.
,
Abonner på:
Innlegg (Atom)