fredag 13. april 2012

Erlerid?

Det kom vinter til påske. Så mykje at snøfresaren måtte startast opp att. Det var starerida vart det sagt, for staren var komen attende. Og på fuglebrettet var bokfinken flittig frampå. Men i påskeveka kom det med mildare vær og snøen minka for kvar dag. Og godt var det når ein skulle ut på vegane til gudstenester fleire gonger gjennom påska sine dagar. I tillegg kom det vitjingar både frå Romsdal og Sogn for å feire barnedåp 1. påskedag, og då var det greit å ha bere vegar over fjella. Det var vesle Ramona Mariell som vart døypt i Ørsta kyrkje, med familiefest etterpå. Triveleg var det. Så var påska over og det kom varmare vær. Snøen som enno låg att, rann vekk for augo våre. Mi kjære og eg fekk høve til å ta litt vedarbeid, saging og kløyving, utan att mine fingrar måtte tinast opp at i varme vassbad. Men det var i går. I dag var det for kaldt for dei. Ikkje meir enn 2-3 grader pluss. Eg har sett nedbøra gå på sydsida av fjorden. Og no, ut på ettermiddagen, er det kvite snøflukser i lufta. Er det erlerida som kjem?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar