tirsdag 8. mai 2012
Solblome
Dei står i det veksande graset og lyser som ei sol i alt det grøne. Eg tykkjer dei er fagre, om dei vert rekna som ei pest og ei plage i hagen.
Solblomane. Jaudå, eg veit dei ikkje ber det namnet. Kappilaup vart dei kalla då eg vaks opp. Kappekille sa mi kjære nord på Nesje. No er det Løvetann over alt. Kjært barn har mange namn. Også denne som ikkje er så kjær, anna for born som likar å lage seg pynteting av den. Til mødrene si store fortviling fordi safta i stengelen set svarte merke på kle.
Den lever farleg solblomen, Graset skal slåast, og då fell den og. Men enn så lenge får den stå der og lyse.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar